Hi! Are you hiring and in need of a social and modern hiring tool? Read more here! x
x

Denne jobben er gått ut Se liknende jobber

Postdoktor i matematikk (topologi)

Det er ledig ei stilling som postdoktor for ein periode på 2 år frå 1. september 2012, knytt til prosjektet "Topology in Norway". Prosjektet er eit samarbeid mellom forskingsgrupper ved dei matematiske institutta ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Stillinga vil verte knytt til ein av desse institusjonane etter nærare avtale. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet og Universitetet i Bergen.

 

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 2 år. Ingen kan tilsetjast som postdoktor i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

 

Målet for denne postdoktorstillinga er at kandidaten skal inngå i forsking og medverke til rettleiing av masterstudentar under programmet "Topology in Norway". Den som vert tilsett, vil gå inn i ei av forskingsgruppene som arbeider med ulike aspekt av algebraisk topologi, herunder stabil homotopiteori, mangfoldigheitsteori, algebraisk K-teori og motivisk homotopi teori. For meir informasjon om måla og planane for programmet, sjå http://www.uib.no/People/csc021/TiN.html

 

Søkjarar må ha oppnådd doktorgrad i matematikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjend før tilsetjing kan skje.

 

Ein prosjektplan og ein framdriftsplan vil verte utarbeidd i samråd med prosjektleiar ved tilsetjing. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Prosjektomtale og framdriftsplan skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakten for åremålstilsetjinga og skal innehalde namn på den som har plikt til å vere fagleg rådgjevar for den tilsette.

 

Søkjarar bør kontakte ein tilsett ved ei av dei deltakande forskingsgruppene før søknaden vert sendt inn for å bestemme ein passande institusjon for ei eventuell tilsetjing.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 

Førsteamanuensis C. Schlichtkrull på e-post: christian.schlichtkrull@math.uib.no

Førsteamanuensis A. Stacey på e-post: andrew.stacey@math.ntnu.no

Professor P. A. Østvær på e-post: paularne@math.uio.no

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR 24.1) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 57–64). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkyndige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Søknaden bør innehalde ein forskingsplan på 2-4 sider som omtaler nyare og framtidige forskingsprosjekt. Ver vennleg og legg ved minst eitt tilrådingsbrev.

 

Søknad, forskingsplan, CV, kopiar av vitnemål og attestar, ei liste over vitskaplege arbeid, inkludert fullførde preprints, tilrådingsbrev og namn og e-postadresse til to referansepersonar, skal sendast elektronisk ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGA ».

 

Manuskript som det er referert til på lista over forskingsarbeid, skal enten lenkjast eller samlast på ei stabil webside som er tydeleg oppgitt i søknaden.

 

Søknader sende på e-post til enkeltpersonar ved instituttet, vil ikkje verte vurderte.

 

Søknaden skal merkast: 2012/3455

 

Søknadsfrist: 15. mai 2012

 

 

Beskrivelsen ovenfor er fra Universitetet i Bergen
Søk nå

Fakta om stillingen:

Jobbkategori
Utdanning
Ansettelsesform
Heltid
Publisert: 26 mars 2012
Søknadsfrist: 15 mai 2012

Share job

Universitetet i Bergen

3 371
3 687 MNOK
Kjent

Kontakter